Norsk Bremuseum opnar for sesongen!
Vi kan med glede melde at vi er opne for sesongen. Museet er ope kvar dag 10 - 17.
Etter ei tid i uvisse denne våren kan vi no endeleg opne dørene. Vanlegvis har vi ope frå 1. april, men situasjonen med Covid-19/Koronaviruset gjorde at det vart vanskeleg.
No er vi endeleg på rett kjøl og kan ta i mot gjestar som før.
VELKOMEN TIL OSS :)
NB: vi har utarbeida interne retningsliner for smittevern og fylgjer dei norske myndigheitene sine råd. Vi oppmodar alle til å syne omsyn for kvarandre, både mot andre gjestar og personalet, og å syne respekt for smittevernstiltak. Hugs å halde avstand, vask hendene og så vidare.
Vi kan melde at det også er masse anna i Fjærland som er ope, som til dømes Bokbyen, guiding, hotel og camping. Sjå Facebooken til “Fjærland” eller www.fjaerland.org for ting å gjera.
Bokbymammut i Fjærland
Helga 26.-27.august er det mammutsal i Bokbyen. Her er mange nyinnkomne bøker, og det er halv pris på dei aller fleste bøkene denne helga. Ta gjerne med barna - to fine barneavdelingar!
Foto: Gaute D. Bøyum.
Nyt utsikta frå det nye torget i Mundal, midt i Bokbyen. Kombinér med tur til Norsk Bremuseum, Bøyabreen eller tur til ein av dei 12 trimpostane i Fjærland. Bok-kafeen og hotell-kafeane er opne.
Butikkane er opne kl 10-16 (Straumsvågs antikvariat 10-18)
Kontakt gjerne Bokbyen på tlf. 57 69 22 10 eller post@bokbyen.no
Følg Bokbyen på facebook.com/bokbyen.
Velkomen til ei triveleg helg i Fjærland!
Beste sesong på 20 år
Denne sesongen har vi hatt 72.500 gjester innom dørene i museet. Dette gjer 2016 til den beste sesongen på 20 år. Vi har dei to siste åra hatt ein vekst på 37 prosent, det vil seie meir en 20.000 fleire gjestar.
Bilete frå feiringa av 25-års jubileet der H.K.H. Kronprins Haakon vitja oss.
Direktør John Brekke kan informere om at vi aukar spesielt mykje i den asiatiske marknaden i år.
Vi takkar alle som har vore hjå oss, samarbeida med oss og bidrege til ein flott sesong i 2016!
Blåisen tittar fram
Brevandringsesongen startar litt seinare i Fjærland, enn på meir populære og lett tilgjengelege brear verda over. Supphellebreen, eller Flatbreen som den også kallast, byrjar no å bli klar for dei som ynskjer bretur i særklasse og i god avstand frå overbefolka turistmagnetar.
Supphellebreen (Flatbreen) 29. juni 2016. Foto: Pål Gran Kielland, Norsk Bremuseum.
Tenk å koma seg opp til denne majestetiske brearmen som sig ut av iskappa til Jostedalsbreen. Det startar med ein litt krevjande men samstundes fantastisk tur på god sti opp frå Rødseter i Supphelledalen på 50 meter over havet, og opp til brefronten på om lag 1000 meter over havet. På breen er det mogleg å koma seg ned i skumle sprekkar i isen, klatre i steile isveggar og steppe over spanande snøbruer. Dette kan virke skummelt og utfordrande, men med lokalkjende og røynde breførarar blir dette ein bombetrygg oppleving. Eit eksklusivt ekstratilbod er å krysse denne kolossale ismassen for å bestige ein av dei omkringliggande nunatakkane som ruvar opp av isen. Frå desse toppane kan du oppleve ein samansmelting av bre, fjell og fjord i eit vilt landskap som verkar å ligge laaangt unna sivilisasjonen. Men på same tid kan du kike ned i Fjærlandsfjorden og sjå korleis brebygda Fjærland ligg nett plassert attmed den rolege Fjærlandsfjorden.
Bre, fjell, fjord - og folk! Foto: Gaute D. Bøyum august 2013.
Korleis få til tur her, lurar du kanskje på? Og kva med mat og overnatting? Svaret er enkelt. Nede i Supphelledalen ligg nemleg Rødseter Inn, ein gamal gard som delvis har blitt ombygd til gjestehus, hotel eller som dei kallar det sjølv 'a small boutique hotel'. Her tilbyr dei aktivitetar på fjell og bre etter kva ein måtte ynskje, til dømes kinderegget av ein tur - bre-fjell-fjord - til Myrhaugsnipa 1443 meter over havet. Eit alternativ for guida turar i Fjærland får du også hjå Mountaingoat Guiding.
I tillegg kan du gå ein roleg tur i bygda, padle kajakk på Fjærlandsfjorden, eta lunsj på eit av hotella i Mundal, sykle, blade i bøker i Bokbyen eller ta det obligatoriske besøket hjå oss - Norsk Bremuseum.
Spektakulær luksus - det finn du i Fjærland.
Bokbyen feirar 20 år
Bokbyen har 20 års-jubileum i 2016 og det skal feirast. Dei lagar ein ny vri på Boknatta i år og flytter arrangementet til det nye torget inne i Mundal, midt i mellom Hotel Mundal og Fjærland Fjordstove Hotell. Mykje av kulturprogrammet vil gå føre seg inne på hotella, så ein kan varme seg litt i løpet av kvelden. Marknaden opnar kl.16. Bokbutikkane opnar kl.10 og held ope utover heile kvelden.
KVELDEN FØR BOKNATTA, FREDAG 24.JUNI
Kl. 21.30: Tove Bakke: Lorca. Pubkveld med spansk stemning på Fjordstova.
BOKNATTA, LAURDAG 25.JUNI
Kl. 13: Markering av 20-års jubileet til Bokbyen på Hotel Mundal. Kanapear og sprudlevatn. Talar og kåseri ved Ragnar Hovland, Arne Ivar Kjerland og Laura Kvamme.
Kl. 16: Opning av Boknatta ved Simone Stibbe. Bodane opnar.
Kl. 17: Reiser og relasjonar: Litterær samtale med Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn. Møt to forfattarar som på finaste vis skildrar oss så nært ein kan komme. Med reisa som motiv og relasjonane som tema skriv dei begge slik at det angår lesaren, om lengselsen etter å høyre til og bli elska, om frykta for tap og einsemd. Men alltid med håpet som drivkraft. Begge har vunne Brageprisen og dei skriv både for barn og vaksne. Begge er inspirerte av musikk og inviterer publikum til å lytte til lydspor frå skrivinga undervegs i samtalen som vert leia av Janne Karin Støylen. Hotel Mundal.
Kl. 18: Barneprogram på torget i Mundal: Klare sjøl. Matlaging i det fri med Ann Iren Ulvedal, Anne Britt Sårheim og Reidunn Otterdal etter oppskriftar frå boka, Klare sjøl.
Kl. 19: Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei to har samarbeida sidan tidleg på 80-tallet. Dei har skrive fleire sanger saman og i 2004 vart CD’en «Himmelhaik» utgjeve, der Røsbak les og synger og Sommerro står for musikken saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Sommerro og Røsbak har ein ellevill og laussluppen stil på scena, bygd på improvisasjon og glimt i auget. Stemningane skifter med lynets hastigheit, og kan plutseleg gli over i både vemodig lyrisk og frodig vakkert. Røsbak vil i Bokbyen Fjærland lese og synge ting av Børli, Prøysen og seg sjøl, og Henning Sommerro vil framføre songer av Hyldbakk, Hoem og Røsbak som han sjølv har tonesett.
Fjærland kyrkje.
Kl. 20.30: Johs. B. Thue: Fortel frå ny bok, Gryta i fjorden – Om heimefiske og ulike fiskerettar i fjordane våre. Fjærland Fjordstove Hotell.
Kl. 22: Konsert: Billa and the Kid. Torget.
TORGSTEMNING MED FRIDTJOV URDAL, EIVIND ØDEGÅRD M.FL. I LØPET AV KVELDEN.
Sal av mat og drikke på torget og Kaffistova. Alle arrangementa er opne for alle.
VELKOMEN TIL BOKMARKNAD OG FOLKELIV!
For tinging av salsbod ring tlf.57692210 eller post@bokbyen.no.
Kronprins Haakon vitjar Sogn
3. juni i år kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Fjærland for å vere til stades under markeringa av 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum.
Fylkesmannen vil i samarbeid med Slottet, Norsk Bremuseum og Sogndal kommune utarbeide eit eige program for besøket, og kjem tilbake med meir informasjon for presse og publikum.
Sesongopning med ny design 1. april
I vinter har vi fornya heile utstillinga i museet. Mellom anna med ein ny interaktiv utstilling om global oppvarming!
Frå og med 1. april kan du oppleve Norsk Bremuseum i ny drakt. Opningstidene er 10:00 - 16:00.
Vi har allereie tjuvstarta sesongen i påska med besøk av grupper, arrangement ved Fjærland Sogelag og ope for alle 1. påskedag.
Snøen ligg framleis på bakken rundt museet, noko som betyr at den pedagogiske leikeparken enno ikkje er heilt klar til bruk. Men med renovert og oppgradert hovudutstilling, med ny design og oppfriska fargar, samt filmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino og den fantastiske klimautstillinga, så ligg det til rette for eit spanande og lærerikt besøk hjå oss.
Velkomen til Norsk Bremuseum sesongen 2016!
PS: i år fyller vi 25 år.