Ny heimeside
Endeleg fekk Norsk Bremuseum ny og meir moderne heimeside! Den er er no tilpassa alle typer einingar; datamaskin, nettbrett og smarttelefon.
Før hadde vi heimesida på dei tre språka norsk, engelsk og tysk. No tilbyr vi også enkle nettsider på 8 ekstra språk for å dekke behovet til stadig fleire nasjonalitetar.
Vi takkar GASTA i Sogndal for samarbeidet med utviklinga av ny heimeside!
Bremålingar i Fjærland
Norsk Bremuseum har utført dei årlege frontposisjonsmålingane av tre brear i Fjærland. Dei regenererte delane av Bøyabreen og Supphellebreen ligg i år 5 meter lengre fram i høve fjoråret. Utviklinga av desse varierer ut i frå kor is- og snørasa legg seg kvart år.
Den tredje breen som Norsk Bremuseum målar, Vetle Supphellebreen, trakk seg 4 meter attende frå 2012. Målingane på denne breen vert gjort direkte på ein aktiv brearm frå iskappa til Jostedalsbreen.
Vetle Supphellebreen oktober 2013. Foto: Pål Gran Kielland.
I år skal vi også starte med frontposisjonsmålingar på Haugabreen i Jølster. Denne brearmen kjem ut frå platåbreen Myklebustbreen som er Noregs åttande største bre.
Haugabreen august 2013. Foto: Pål Gran Kielland.
Målingane er gjort for NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat).
Fylgj 12 studentar på Tunsbergdalsbreen
Isklatring på Tunsbergdalsbreen 2012. Foto: Katy Boreham.
Feltarbeidet er ein del av Prosjekt Tunsbergdalsbreen som arrangerast for 5. året på rad. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Bremuseum, Field Studies Council og Brathay Exploration Group.
Tida deira i vakker natur og storslått brelandskap kan fylgjast på bloggen til Prosjekt Tunsbergdalsbreen.
Boknatti laurdag 22. juni
Det vert bokmarknad, gratis konsert med Olav Stedje, bokmoro for store og små, forfattarar, mat og drikke. Rett og slett ei villvakker sumarnatt ved fjorden.
Les meir på Bokbyen sine heimesider.
Velkomen til Fjærland og Boknatti!
Mammutar kjem til Norsk Bremuseum!
Endeleg kjem istidsdyra heim til Norsk Bremuseum. Dette er ein del av ein pedagogisk leikepark utanfor museet. Det vert talar, morosam underhaldning og spanande overraskingar ved opninga.
Den ullhåra mammuten var ein mammutart som levde i dei nordlegaste områda av Eurasia og Nord-Amerika frå om lag 5 millionar år sidan og fram til slutten av siste istid for omlag 11.000 år sidan. Takka vere funn av frosne og uttørka kadaver er dette den forhistoriske dyrearten som er best kjend, både når det gjelder utsjånad og levevis. I tillegg til heile kadaver er det gjort store mengder funn både av heile skjelett, støyttenner, tenner, mageinnhald og avføring. Det er også gjort fleire funn Noreg, nesten alle i Gudbrandsdalen.
Utryddinga av ullhåra mammut skuldast at leveområda deira forsvann på same tid som moderne menneske trengte inn i dei områda som var att på jakt etter byttedyr. Sidan mammutar var store dyr med langsam reproduksjon, var dei sårbare for jaktpresset og vart utrydda både i Eurasia og Nord-Amerika på slutten av siste istid.