Sesongopning med ny design 1. april
I vinter har vi fornya heile utstillinga i museet. Mellom anna med ein ny interaktiv utstilling om global oppvarming!
Frå og med 1. april kan du oppleve Norsk Bremuseum i ny drakt. Opningstidene er 10:00 - 16:00.
Vi har allereie tjuvstarta sesongen i påska med besøk av grupper, arrangement ved Fjærland Sogelag og ope for alle 1. påskedag.
Snøen ligg framleis på bakken rundt museet, noko som betyr at den pedagogiske leikeparken enno ikkje er heilt klar til bruk. Men med renovert og oppgradert hovudutstilling, med ny design og oppfriska fargar, samt filmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino og den fantastiske klimautstillinga, så ligg det til rette for eit spanande og lærerikt besøk hjå oss.
Velkomen til Norsk Bremuseum sesongen 2016!
PS: i år fyller vi 25 år.
Ope 1. påskedag!
Sundag 1. påskedag held Norsk Bremuseum ope, kl. 11:00 - 17:00.
Elles opnar vi dørane for sesongen den 1.april. Opningstidene er kl. 10:00 - 16:00.
Helsing oss hjå Norsk Bremuseum
God jul & godt nyttår
Velkomen attende til Norsk Bremuseum i Fjærland i 2016. Vi opnar museet igjen den 1.april, med spanande oppgraderingar i museet!
Og hugs: i 2016 har vi 25-års jubileum.
Direktør John Brekke
Breanes frontposisjonsendringar i 2015
Norsk Bremuseum har i haust gjennomført dei årlege frontposisjonsmålingane på nokre brear i nærområdet.
Bøyabreen og Store Supphellebreen har vore ein del av måleprogrammet sidan høvesvis 2003 og 1992. Vi har utført målingane på dei regenererte delane av breane som ligg ved foten av fjellet under brefallet. Breane har dei siste åra vore vanskelege å måle då snøskred og isras styrer korleis desse massane endrar seg, og det er ikkje alltid at vi finn blåis når vi målar dei. I tillegg smeltar breane attende på grunn av auka gjennomsnittstemperaturar. Det har ikkje vore mogleg å måle Bøyabreen og Store Supphellebreen nøyaktig nok i år, noko som gjer at vi ikkje får tal på frontposisjonsendringane. Dette er eit problem vi har venta på dei siste åra og det ser no ut til at vi må avslutte måleseriane.
Bøyabreen i Fjærland oktober 2015. (foto: Pål Gran Kielland).
Det er ikkje berre breane i Fjærland som er vanskelege å måle. Senioringeniør i NVE, Hallgeir Elvehøy, hadde dette å seie om statusen til målingane: "Det er jo synd å avbryte måleseriar, men om målingane ikkje er representative for breutviklinga, så er det ikkje anna råd. Vi vurderer å avslutte Briksdalsbreen...". For Briksdalsbreen finst det ein måleserie heilt attende til 1901 som no står i fare for også å måtte avbrytast.
Briksdalsbreen hausten 2013 sett i frå toppen av Oldeskaret (Foto: Pål Gran Kielland).
Men vi har heldigvis to andre brear som vi framleis kan måle frontposisjonen til. Dette er Vetle Supphellebreen og Haugabreen. Her målar vi direkte på blåisen i brefrontane. Vetle Supphellebreen rykka 8 meter fram og sidan vi starta å måle breen i 2011 har den totalt trekt seg 14 meter attende. Vi kan ikkje trekke konklusjonar kring utviklinga til breen frå år til år, sidan brear har ein forseinka reaksjonstid i høve klima, men resultata sidan 2011 passar diverre inn i trenden vi har med eit oppvarmande klima og minkande brear over tid. Vi har faktisk gode bevis på denne trenden, sidan det finst gamle målingar med ein ganske lang måleserie frå 1899 til 1944 der breen trakk seg over 400 meter attende. Vi fann også eit gamalt bilete frå 1884 der du tydeleg ser at det var større ismassar før i tida, noko som viser at klimaet har vorte varmare i moderne tid.
Vetle Supphellebreen i 1884 (foto: Steensrup, K.J.D.) og 2015 (foto: Pål Gran Kielland).
Målingar av fronten til Haugabreen viser ein tilbakegang på 7 meter i 2015. Vi har berre to år med målingar, men tala viser at breen har smelta totalt 20 meter attende. Heller ikkje her kan vi trekke konklusjonar kring utviklinga til breen med så kort måleserie, men vi kan sjå attende i tid då det faktisk finst målingar av Haugabreen heilt attende til perioden 1933 – 1940. Då var det Anders Briksdal som målte breen, og han registrerte at den smelta 237 meter attende i løpet av desse åra. Fastmerket han målte avstanden til breen frå var ein varde på stor stein på austsida av elva i Haugadalen. Dette var naturleg sidan han kom over Oldeskaret frå Briksdalen. Han skildra mellom anna at nedste delen av bretunga var heilt slett, noko som kunne tyde på at bretunga var ganske tunn og i tilbakegang. Ut i frå desse gamle målingane låg brekanten i 1939 truleg inst på flatene i Haugadalen, før berget går brattare opp mot dagens brefront.
Haugabreen i 1930-åra (foto: NGU) og i 2012 (foto: Pål Gran Kielland).
Mountaingoat Guiding i Fjærland
Mountaingoat guiding er ei lita verksemd som er stasjonert i den vesle og vakre bygda Fjærland, som ligg midt i naturhjarta av Sogn og Fjordane.
Sjølvaste Mountaingoaten på veg opp ein is-pinakkel på breen. Foto: Gaute D. Bøyum.
Innehavar Gaute Dvergsdal Bøyum er oppvaksen med Bre, Fjord og Fjell rett utanfor døra og har god kunnskap om dette. Han vil gjerne ta deg med på tur å gi deg uforgløymelege opplevingar i naturen!
Skulens Klimarapport
I samarbeid med Firda vidaregåande skule, Sogn og Fjordane fylkeskommune, 4H og United World College skal vi utvikle eit undervisingsopplegg der lærarane tek elevane med ut i naturen og i nærmiljøet til skulen.
Miljødirektoratet gir 60 000 kroner til prosjektet «Skulens Klimarapport». Pengane er løyvde gjennom Den naturlege skulesekken. Prosjektet skal auke kompetansen til både elevarar og lærarar når det gjeld berekraftig utvikling, med særleg vekt på klimaperspektivet.
Vidaregåande elevar observerar Supphellebreen i Fjærland under ein ekskursjon. Foto: Monica Østbye Hansen.
– Målet er å gjere elevane meir bevisste om lokale konsekvensar av den globale oppvarminga, og kva vi kan gjere for klimatilpassing og berekraftig utvikling og omstilling i samfunnet. Vi er glade for at Miljødirektoratet ser verdien av dette og gler oss til å kome i gang med prosjektet for alvor, seier John Brekke, direktør ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe klimasenter.
Undervisningsopplegget legg vekt på det praktiske – elevane skal ut i naturen for å lære. Konkrete, lokale problemstillingar, utforskande arbeidsmetodar og praktisk tilnærming er sentralt. Rektor ved pilotskulen Firda vidaregåande skule, Hallgeir Hansen, meiner at kunnskap og innsikt i klimaspørsmåla blir stadig viktigare for å kunne delta aktivt i samfunnslivet.
– Det «grøne skiftet» i politikk, økonomi og samfunnsutvikling krev ny kunnskap, nye jobbar, ny teknologi og nye verdiar for komande generasjonar. Ludvigsen-utvalet skisserer trong for nye fagkombinasjonar og større vekt på djupnelæring for å gje elevane rett kompetanse for framtida. Gloppen tek mål av seg til å vere ein pionerkommune i utprøving i klima- og miljøundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule, og vi ser difor fram til å vere pilot for «Skulens Klimarapport», seier Hansen.
Eit døme på praktisk undervising i naturen; levande formidling og tilpassa ekskursjonshefter med spørsmål som omhandlar naturgeografi, brelære og klimakunnskap. Foto: Norsk Bremuseum.
Pilotprosjektet skal vere eit fleirfagleg prosjekt for å auke kunnskapen om klima og miljø for elevar som går første året på vidaregåande skule. Det skal også vere eit viktig grunnlagsarbeid for eit større arbeid med å utvikle eit nytt programfag for studiespesialiserande utdanningsprogram på vg2 og vg3.
Det er naturleg å involvere naturfag, samfunnsfag, geografi, matematikk, norsk og kroppsøving i prosjektet, som også skal ha verdi for skulen i det langsiktige læringsarbeidet. Firda vidaregåande vert med frå starten av, men prosjektet skal også ha overføringsverdi til andre skular, med moglegheit for lokale tilpassingar.
På sikt er det eit mål å tilpasse prosjektet klassetrinn i grunnskulen.
Konsert på Brævasshytta
Laurdag 5. september er det gratiskonsert med Torbjørn Dyrud på Brævasshytta, som ligg framfor den mektige Bøyabreen.
Konserten startar kl 14:00.
Lenke til arrangementet på Brævasshytta sin Facebook-side finn du her.
Boknatti i Fjærland
Den Norske Bokbyen i Fjærland arrangerar den årvisse Boknatti laurdag 20. juni.
Sjå heimesida til Bokbyen for program.
Vel møtt!
Avduking ny utstilling og offisiell opning av sesongen på Norsk Bremuseum
Dag og tidspunkt: laurdag 23. mai kl. 11.30.
Årets nyheit er eit gigantisk puslespel med Jostedalsbreen Nasjonalpark som emne. I tillegg har vi i 2015 montert eit nytt kjøken i kafeen, og ikkje minst har vi oversett museet til to nye språk, polsk og nederlandsk. Med desse to er vi no oppe i 13 språk i heile museet.
Avdukinga, inkludert lokalt musikkinnslag og talar, vil vare maksimum ein halv time. Deretter inviterer vi til litt enkel mat og hyggjeleg mingling.
Det blir gratis pølser, saft og kaffi/te til alle =)
Med beste helsingar
Bremuseumsfolket
Ny sesong hjå Norsk Bremuseum
Det ligg framleis snø rundt museet, om lag 50 centimeter på flat mark, men vi set snart i gong med ny sesong.
Frå 1. april held Norsk Bremuseum ope kvar dag 10:00 - 16:00. Klikk her for prisar og opningstider.
Velkomen til Norsk Bremuseum i 2015!
25 års jubileum
Stiftinga Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten fyller 25 år og arrangerar klimaseminar i Oslo om:
«Havnivåstigning som konsekvens av bresmelting – kva veit vi eigentleg?»
Fredag 16. januar møtast profilerte klimaforskarar, dei norske professorane Jon Ove Hagen, Jan Mangerud og Atle Nesje, og Jason Box frå Danmarks Geologiske Undersøkelse, i Videnskaps-Akademiet for å fortelja siste nytt om framtidas havnivå.
Norsk Bremuseum på ein typisk idyllisk sommardag i Fjærland. Foto: Gaute D. Bøyum 2014.
I tillegg til klimaforskarane vil Jens Ulltveit-Moe snakke om «inspirerande formidling som nykkel til politisk handling», statssekretær Lars Andreas Lunde i KLD held eit innlegg om «klimapolitikk og samfunnsendringar», og Camilla Schreiner frå Noregs Forskingsråd snakkar om klimaforskning og klimaformidling.
Dr. Olav Orheim, styreleiar ved Norsk Bremuseum, glasiolog, klimaforskar og tidlegare direktør ved Norsk Polarinstitutt, vil fortelja historien om Norsk Bremuseum - eit av Noregs mest vellukka tiltak innan bre- og klimaformidling.
Breane smelta mykje i 2014
Norsk Bremuseum har utført årlege målingar av frontposisjonen på fire brear. 2014 blir eit dårleg år for breane.
I fleire år har vi målt lengdeendringar på brear i Fjærland. Det starta med Store Supphellebreen i 1992 medan vi tok til med Bøyabreen i 2003. I dei seinare åra har desse breane minka, noko som har gjort at vi har starta med målingar på to brear til. Det er Vetle Supphellebreen som vi starta å måle i 2011 og Haugabreen (i Jølster) i fjor.
Haugabreen oktober 2014. Foto: Pål Gran Kielland.
Resultata frå målingane dreg alle i same retning:
Store Supphellebreen -18 meter
Bøyabreen -65 meter
Vetle Supphellebreen -31 meter
Haugabreen -13 meter
Medan målingane av Vetle Supphellebreen og Haugabreen vert gjort direkte på aktive brearmar, vert målingane av Store Supphellebreen og Bøyabreen gjort på regenererte brear. Det vil seie brear som er danna av isras og snøskred frå breen og fjellet over seg. Dei regenererte breane kan difor variere ein del alt etter kor rasa legg seg. I år har det vore observert liten rasaktivitet slik at dei regenererte breane ikkje har kunne lagt på seg noko særleg. I tillegg har smeltesesongen vore varmare enn normalt og dei ligg ikkje særleg høgt over havet; Bøyabreen 150 m.o.h. og Store Supphellebreen 60 m.o.h. Resultatet er at dei minkar, særleg Bøyabreen med 65 meter medan Store Supphellebreen trakk seg 18 meter attende.
Bøyabreen oktober 2014. Foto: Pål Gran Kielland.
Frontane vi målar på Haugabreen og Vetle Supphellebreen ligg høgare til fjells enn dei regenererte breane og skal difor vera meir robuste mot sommarsmeltinga. Haugabreen (om lag 900 m.o.h.) trakk seg 13 meter attende, medan Vetle Supphellebreen (om lag 750 m.o.h.) minka med 31 meter. Desse tala viser at den varme sommaren har tæra på isen også høgare til fjells i 2014, noko som har vorte observert fleire stader. Mellom anna i området ovanfor starten av brefallet (1200 m.o.h.) til Bøyabreen har det smelta fram gamal blåis i 15-1600 meters høgde.
Brefallet til Bøyabreen september 2014. Foto: Pål Gran Kielland.
Målingane vert gjort for NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat).
Rundballefestivalen 2014 laurdag 30.august
Sommaren er på hell, men i brebygda Fjærland fortset festligheitane med den heilt særeigne Rundballefestivalen. Her vert det kunst og kultur saman med spenstige aktivitetar der rundballedekte bøar møtar brear, storslåtte fjell og ein djup fjord.
Foto: Rundballefestivalen.
Festivalen er i seg sjølv ein severdigheit, med Rundballe-VM som det kanskje største høgdepunktet!
For meir informarsjon, sjå Rundballefestivalen på Facebook.
Blogging om blåis
Blåis er noko av det vakraste eit auge kan sjå. For 20 år sidan vart ein gjest hjå Norsk Bremuseum bergteken av bretunge-illusjonen i utstillinga:
"Mitt første møte med isbre var i ei kunstig bretunge på Norsk bremuseum i Fjærland. Breen på bremuseet var kald, grunnen eg gjekk på var ujamn, og eg kunne høyre korleis isen smelta og breen rørte seg. Sidan den gongen har eg vore fasinert av isbrear, men det var først i sommar, 20 år seinare, at eg fekk oppleve ein ekte isbre."
Bretunga i Norsk Bremuseum. Foto: Gaute D. Bøyum 2013.
Tur til Myrhaugsnipa med Sogndal Turlag laurdag 9. august
Myrhaugsnipa (1443 m.o.h.) ligg innafor Flatbrehytta i Fjærland, sjå den raude pila i biletet. Dette er ein tur som går i samarbeid mellom Sogndal Turlag og Norsk Bremuseum. Glasiolog, fjærlending og professor Olav Orheim er med som turleiar og kjentmann.
Det er ein lang tur med i alt 1400 høgdemeter og ei mindre brekryssing. Men som gevinst får ein eit utruleg flott utsyn over Supphellebreen og ut Fjærlandsfjorden. Turen er tung og er venta å ta kring 8 timar.
Frammøte på Almenningen i Sogndal kl. 08:30 og avgang frå parkeringsplassen ved Øygard 09:15. Ta kontakt med turlaget innan torsdag 7. august viss de ynskjer å låne breutstyr (stegjarn og isøks).
Kart: Turkart Sogndal-Leikanger eller 10055 Sogndal i Norge-serien.
Turleiarar: Pål Kielland (461 97 627) og Olav Orheim.
Ice Music konsert på Norsk Bremuseum
17. juli var det ein flott konsert hjå oss, der musikarar spelte på instrument laga av is.
Terje Isungset og Ice Music kom for å skapa ein magisk kveld på terassen i hagen til Norsk Bremuseum. Dei hadde med ein frysebil fyllt opp med store instrument av is.
Isungset ville mellom anna sjekke lyden av Jostedalsbreen og det vart laga eit eiga horn av is frå breen kun meint for denne konserten.
Opningstider i sommar
Norsk Bremuseum held ope kvar dag 09 - 19 i juni, juli og august.
Vi håpar DU tek turen innom oss i sommar =)
Nydeleg sommardag utanfor Norsk Bremuseum.
Varm sommarhelsing
Alle hjå Norsk Bremuseum
Opningsfest for den pedagogiske leikeparken
På Kristi himmelfartsdag 29. mai blir det ny opningsfest på Bremuseet med avduking av den pedagogiske leikeparken. Frå før har vi ein mammutfamilie som ruvar på plenen framfor museet. No kjem altså siste del av leikeparken som er mynta mot born spesielt, men som vi også håpar vil felle i smak hjå dei vaksne.
Det blir gratis inngang, is til borna, kake og kaffi til dei vaksne og underhaldning.
Arrangementet startar klokka 11:30.
Vel møtt =)
Helsing oss hjå Norsk Bremuseum i Fjærland
Sesongstart 1.april
Tysdag 1.april opnar Norsk Bremuseum for ny sesong. Vi held ope kvar einaste dag 10:00 - 16:00. Helgar og heilagdagar inkludert.
I år står nye utstillingar utandørs og fornyingar inne i museet for tur. Fylgj med på websida vår, eller på sosiale medier som Facebook, Instagram og Twitter.
Norsk Bremuseum ynskjer velkomen til sesongen 2014! Her finst både mammutar, ein isbjørn, flott panoramafilm om Jostedalsbreen, interaktive utstillingar og ekte bre-is.
Mammutar. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum.