Gasta Design Gasta Design

Oppdaginga av istida

I 2023 er det 200 år sidan “Istida” vart oppdaga, eller rettare sagt teorien om istid.

Professor Jens Esmark var på ein rundreise i landet og hadde med seg to studentar. På den eine delen av turen, som gjekk frå Stryn i vest til Skjåk på austlandet, måtte dei gjennom eit høgfjellsområde med brear og ikkje minst spor etter breane i form av morenar og flyttblokkar.

Figur henta frå Geo365.no og professor Geir Hestmark sin sak om “Istida’s oppdaging”.

Og det var ved grensa mellom vest og aust at “eureka-augenblinken” slo inn; det må ha vore breen som har avsett jord og stein her oppe i fjellet, slik som dei også hadde observert i lågareliggande områder ved fjorden på Vestlandet (nærare sagt Forsand i Rogaland). Nede ved havnivå ligg nemleg “Esmark-morenen”, som er ei avsetting frå “Istida’s” siste framrykk for om lag 10 000 år sidan.

Esmarkmorenen i 2008. Foto: Geir Hestmark (foto henta frå Geo365.no)

Du kan også lesa meir utfyllande om denne fantastiske historia på Geo365.no.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Årsmeldinga 2021

Sesongen 2021 vart spesiell for Norsk Bremuseum grunna Covid-19. Dette førte med seg det lågaste besøkstalet nokon gong. Det var likevel gledeleg å sjå at mange nordmenn besøkte oss, samt at vi fekk fleire utanlandske besøkjande på slutten av sommaren. I den vedlagte årsmeldinga kan du lese om store og små hendingar i 2021.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Klimakalkulatoren til Vestlandsforsking

Veit du kva ein klimakalkulator er? Er du interessert i ditt og husstandens miljøpåverknad når det gjeld energibruk, klimagassutslepp og karbonfotavtrykk? Vestlandsforsking har laga ein kalkulator for deg!

Veslandsforsking sin enkle, men geniale, klimakalkulator er veldig fin for å berekne miljøpåverknaden til ein husstand.

Denne kalkulatoren er ikkje meint for å “arresterere” nokon, men for å medvetgjera til å ta meir miljøvenlege val i framtida.

Prøv den og finn ut korleis du ligg an, og søk kunnskap - gjerne hjå oss - eller andre, som Vestlandsforsking, for å bli “klimasmartare” i framtida.

Det finst MANGE ulike versjonar av klimakalkulatorar. Nokre kostar, nokre er gratis. Nokre er veldig enkle, og nokre er sjukt kompliserte. Vi ynskjer å tipse om Vestlandsforsking sin klimakalkulator fordi den er laga i “nabogrenda” Sogndal (museet er i Fjærland, som du kanskje veit) og fordi den då er relativt “stuttreist” (sjølv om stuttreist kanskje er litt rart ein internettsamanheng, men likevel).

Prøv den! :)

Vestlandsforsking sine heimesider.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

30-årsjubileum Norsk Bremuseum

Velkomen til feiringa av vårt 30-årsjubileum i Fjærland kl. 16.00 den 22. mai. Markeringa er open for alle.

Vi er utruleg glade for at H.M. Dronning Sonja har takka ja til vera med på feiringa vår. Ho la ned grunnsteinen til museet 11. oktober 1990 og opna museet 31. mai 1991. H.M. Dronninga er også æresmedlem ved museet.

Til venstre, (dåverande) Kronprinsesse Sonja, og til høgre styreleiar ved museet, Eilert Stang Lund.

Jubileet vert markert ute framfor Bremuseet.

Det vert høve til gratis inngong i museet etter den offisielle markeringa.

Vi håpar å sjå deg denne dagen - ta gjerne med norske flagg.

Ordinær opningstid elles denne dagen vert 10:00 - 15:00.

Program 22.05.22 Norsk Bremuseum 30-årsjubileum og filmvisning

Del 1 ved inngangen til Bremuseet:

 Kl 16:00: Ankomst H. M. Dronninga til Norsk Bremuseum. Ho blir teken i mot av fungerande Statsforvalter i Vestland, Orførar i Sogndal, Politimeister i Vestland, Styreleiar Atle Nesje og Direktør Anne Mundal Skjelten.

 Blomsterutdeling ved Knut Juklestad Mundal, 5 år, frå Fjærland.

 Fyljet går over plenen til arrangement del 2

Del 2 ute framfor museet: Her er det mogelegheit for alle som vil å fylje med på programmet:

 Velkommen, ved styreleiar Atle Nesje

 Ordstyrar, Direktør Anne Mundal Skjelten

 Song, ved Fjærland Barne - og ungdomskor

 Historien om Bremuseet, ved Olav Orheim

 Diktlesing, ved Eivind Ødegård

 Helsingar til Bremuseet

 Song, ved Fjærland kammerkor

Inviterte gjester og akkreditert presse forflyttar seg inn i kinosalen etter programmet.

Del 3 i kinosalen:

 Ankomst H. M. Dronninga med fylje, når alle er på plass i salen.

 Ordstyrar, Direktør Anne Mundal Skjelten

 Samtale leia av Stian Sjursen Takle, med Falkeblikk, Tidlegare Direktør John Brekke,Thorsengruppen og Veri film, om filmprosessen

 Visning av «bakomfilm»

 Visning av ny panoramafilm

 Avslutning, ved Styreleiar Atle Nesje

 Kl 18.00: HM Dronninga tek farvel med Bremuseet

Kake og mingling på museet, og mogelegheit til å sjå resten av museet etter det offisielle programmet.

Fri adgang og kake for alle besøkende til museet etter del 2 ute.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Brøl for klima og breane

I mai kan du brøle i kraft av våre folkevalde ved Bremuseet i Fjærland.

Klimabrølet er i ferd med å lage Noregshistoriens lengste markering for klima og natur. I heile mai kan du oppleve og bidra til brølet hjå oss. Her står nemleg kunstverket Brølofonen utstilt.

Magnar og Delphine som jobbar ved Norsk Bremuseum, brøøølar for klimaet - og breane.

Fjærland og områda tett på Jostedalsbreen har i lange tider vore kjende for dei bratte breane som buldrar, brakar og brøøølar, medan isen er i konstant rørsle. Brølet til breane har stilna i moderne tid, dei krympar og gjev mindre lyd frå seg. Dette ynskjer vi å sette fokuset på! Med eit brøøl for klima kan vi kanskje hjelpe breane attende til sine storslagne dagar. Kom og brøl hjå Norsk Bremuseum!


Klimabrølet


Det skal brølast samanhengande i fire år - gjennom ein heil stortingsperiode - for å samle og synleggjera eit breitt folkelge engasjement om klima- og natursaken. Akkurat nå kan du oppleve brølet her i Fjærland, som ein del av Noregsturnéen.

“Vi som brøler, har ikke nødvendigvis samme svar på hva som skal prioriteres i klima og naturkampen. Men ved å heve stemmen sammen, setter vi saken øverst på agendaen. Ved å brøle heier vi frem modige politikere og næringsliv som jobber for å snu skuta. Ved å stemme i brølet, skaper vi felleskap og gir hverandre mot til livsstilsendringer”, seier styreleiar i Foreningen Klimabrølet, Lene Bonesmo Solberg.

“Det er jo ganske krevende å brøle sammenhengende i fire år. Derfor har vi bygget Brølofonen. I dette interaktive kunstverket der blant annet Røyksopp har bidratt med musikk, kan du både oppleve effekten av brøl på kroppen, og bidra til samhold og kraft i klimakampen. Spill inn ditt eget brøl - om det så er et heiabrøl, en tordentale eller et brøl uttrykt gjennom tegnspråk. Summen av motivasjoner og uttrykk, viser bredden i det folkelige engasjementet for tidenes viktigste sak.”

Vi hjå Norsk Bremuseum er stolte av å bidra til å bera brølet gjennom landet. Det er viktig at vi held klimadebatten varm. Om du ikkje kan ta turen, oppfordar vi til å laste opp dykkar brøl på Klimabrølet. Då blir dykkar brøl spelt av gjennom Brølofonen, og de blir del av tidenes lengste brøl, for vår tids viktigaste sak.

Haugabreen 1930 talet (NGU) og korleis landskapet er i dag (Pål Hage Kielland).


Kontakt:

Talsperson Even Nord Rydningen

Telefon: 473 93 379

E-post: even.nord@gmail.com

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Norsk Bremuseum opnar dørane med ny utstilling denne sesongen

Har du høyrd om flyet som styrta på Bøyabreen i 1972? Vi opnar ny utstilling om funnet av vrakrestane.

Museet presenterar “Flyet i Bøyabreen - 49 år i isen”. Denne utstillinga fortel historia om flyet og funnet av vrakrestane som vart gjort i 2021.

I tillegg syner vi fram den spektakulære panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, og du må heller ikkje gå glipp av den interaktive og holistiske klimautstillinga vår.

Opningstidene er 10:00 - 16:00 kvar dag i april og mai. Gjennom sommaren (juni, juli, august) held vi ope kvar dag 09:00 - 19:00. I september og oktober er det same opningstider som april og mai. For besøk utanom ordinær opningstid, så er det mogleg med besøk for grupper og ved særskilde høve. Spør oss gjerne!

Velkomen til oss og Fjærland i 2022 :)

Slik ser det ut ved Norsk Bremuseum i 10-tida 1. april 2022.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Livsvarig medlemskap hjå Norsk Bremuseum

Visste du at Norsk Bremuseum har livsvarig medlemskap?

Dei siste åra har vi hatt ei gledeleg auke i antal livsvarige medlemskap. For 900,- kr kan du gå så mykje du vil på museet i sesongen mellom 1. april og 1. november, resten av livet.

Du får også tilsendt årsmelding i posten eller på epost kvart år. Ved bestilling kan du oppgje i kva form du ynskjer å få tilsendt årsmeldinga.

Du får også eit personleg bevis som du kan syne i resepsjonen for å få inngang i museet.

Velkomen!

Norsk Bremuseum. Foto: Augeblikk Studio.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Frontposisjonsmålingar 2021

Årets målingar synte at breane trakk seg attende også i 2021.

Vetle Supphellebreen i Fjærland trakk seg 2 meter attende. Sidan 2011 har breen minka med 32 meter. Breen ligg i eit område frå 794 meter over havet ved fronten, til litt over 1700 meter over havet i høgda. Dette er ein litt mindre kjend bre, samanlikna med “storebroren” Store Supphellebreen som ligg vestafor tindane som deler dei to frå kvarandre. Vetle Supphellebreen ligg austafor fjellmassivet som tilhøyrer Supphellenipa og Myrhaugsnipa. Supphellenipa kan skimtast som ein kvass tagg litt til venstre og langt bak i biletet.

Vetle Supphellebreen. Foto: Hallgeir Elvehøy (NVE) 11. august 2011.

Supphellenipa stikk opp som ein kvass nunatak gjennom breen. Foto: Pål Hage Kielland (Norsk Bremuseum), 14. oktober 2013.

Den andre breen vi målar, Haugabreen, minka med 5 meter sidan i fjor og totalt 89 meter sidan 2013 då vi starta opp med målingane. Målingane av Haugabreen vart mellom anna omtala på NRK, både nett og i Dagsrevyen, 8. oktober i år.

Haugabreen ligg i Jølster, der fronten ligg på like under 900 meter over havet medan høgste punkt av breen er på nesten 1800 meter over havet. Haugabreen er ein utløpar frå Noregs 8. største isbre, nemleg Myklebustbreen.

Haugabreen. Foto: Pål Hage Kielland (Norsk Bremuseum) 7. oktober 2021.

Trenden med bresmelting held altså fram, noko som ikkje er ei overrasking med eit klima som blir varmare. Av andre kjende brear i Jostedalsbreen Nasjonalpark som har smelta attende i 2021 kan vi nemne Austerdalsbreen i Veitastrond (-130 meter), Nigardsbreen i Jostedalen (-39 meter) og Brenndalsbreen i Stryn (-15 meter).

Austerdalsbreen. Foto: Pål Hage Kielland (Norsk Bremuseum) 5. september 2021.

Konsekvensane av bresmeltinga, for både natur og menneske, vert det jobba med å kartlegge gjennom forskingsprosjektet JOSTICE som Norsk Bremuseum er ein del av. Vårt bidrag, saman med andre besøkssenter som Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Breheimsenteret og ViteMeir er å formidle kunnskapen frå prosjektet.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Norsk Bremuseum i sommar

Norsk Bremuseum er ope kvar dag 9-19 i sommar. Hjå oss kan du sjå den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, eksperimentere med ekte bre-is frå Supphellebreen og oppleve jorda sin klimahistorie gjennom ein interaktiv evolusjonsvandring.

Norsk Bremuseum i Fjærland.

I museet er det også ein eigen kafe med ny design og ein museumsbutikk som mellom anna fokuserer på bærekraftige løysingar. Maten kan du gjerne nyte i vår uteservering på framsida av museet. Vi har også nyoppussa toalettfasilitetar i 2021, gratis parkering og ladestasjon for elbil (Operatøren “Mer”).

Ute har vi den pedagogiske leikparken som er særskild mynta mot born og unge, med mammutar og modellar som forklarer kva ein morene eller kva havnivåstiging er.

I bre- og fjordbygda er det også mykje anna å gjera. Som fjellturar du kan gå sjølv, guiding på breen, kajakk på fjorden, ein flytande sauna og matservering ved Bøyabreen hjå Brævasshytta og i Mundal. Det er også flotte overnattingsstader både i Supphelledalen ved Rødseter, Bøyum Camping like ved museet, Fjærland Hytter utover fjorden og i Mundal (Fjærlands sentrum) med Fjærland Fjordstove Hotel. I Mundal ligg også Den Norske Bokbyen, Fjærland Guiding, Kafeen i Mundal, Jokerbutiken og gjestehamna for småbåtar.

Og hugs selvfølgeleg på å gje breane eit besøk! Som på biletet under, Bøyabreen.

Bøyabreen i Fjærland.

Våre museumsvertar er hjelpsame med å anbefale aktivitetar og andre ting å gjera i Fjærland og Sognefjordområdet. Sjekk ut Fjord Map!

Vi håpar Fjærland kan lokke ein sommardag i 2021. Velkomen til Norsk Bremuseum og Fjærland.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Breturkartet er 30 år

Brosjyren “Breturkartet” har fungert som ein marknadsføringsdugnad for føringsmoglegheiter på fleire av Jostedalsbreens armar, og på andre brear i Nasjonalparken. Her får du informasjon om faste føringsturar, om ulike breførarlag, om trygg ferdsel på bre, om Jostedalsbreen Nasjonalpark, verneverdiar og besøkssenter, og kor du finn turistinformasjon i området kring den største breen på det Europeiske fastlandet. I år er det den 30. sesongen som Breturkartet vert publisert.

Det er mange storslegne moglegheitar for breføring i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Mellom anna på Austerdalsbreen der Norgesguidene har faste turar i 2021. Foto: Norsk Bremuseum.

Norsk Bremuseum tok i 1992 initiativ til eit prøveprosjekt i felles presentasjon av tilboda om breføring kring Jostedalsbreen. Den gongen var prøveprosjektet eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening/Bregruppa, Fjærland idrettslag, Indre Sunnfjord Turlag, Jostedalen Breførarlag, Norsk Bremuseum, Sogn og Fjordane turlag/Fjellsportgruppa, Stryn Fjell- og breførarlag, Anders Øygard/Flatbrehytta, Sogn og Fjordane reiselivsråd og forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum har heile tida vore ansvarleg utgjevar av Breturkartet. Ellen Jepson har stått for grafisk design i alle desse åra.

Utsnitt frå Breturkartet i 1992.

I dag er fleire av dei same aktørane med i samarbeidet, men mange andre har også blitt med. Dei tre besøkssentra til Jostedalsbreen Nasjonalpark; Norsk Bremuseum i Fjærland, Breheimsenteret i Jostedalen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Destinasjonsselskapa Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Sunnfjord Utvikling er også med. Av breførarlag har vi Bre og Fjell, Briksdal Adventure, Fjord Active, Fjærland Guiding, Ice Troll, Jostedalen Breførarlag og Norgesguidene. Forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark er den bidragsytaren som gjev mest i økonomisk stønad.

Det har vore og er framleis eit godt samarbeid og interesse for å halde fram med utgjevingane av denne brosjyren, som skal delast ut i kjerneområdet kring Jostedalsbreen. Vi vonar at det vert ein god sesong for trygge breturar i 2021 og vi takkar alle som har vore med på denne dugnaden i 30 år.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Norsk Bremuseum opnar 16. april

Grunna smittesituasjonen knytt til korona/covid-19 utset Norsk Bremuseum sesongstarten til 16. april.

Til vanleg opnar museet dørane for gjestar frå og med 1. april kvart år. Som fylgje av lokale og nasjonale smittevernstiltak, vel vi å utsetja opninga til 16. april. Nye vurderingar knytt til smittesituasjonen vil bli gjort undervegs.

Ta vare på kvarandre og fylgj smittevernsanbefalingar- og reglar.

Helsing oss hjå Norsk Bremuseum i Fjærland

Les mer
Isbre, Klima Gasta Design Isbre, Klima Gasta Design

Resultat frå bremålingane i 2020

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland måler årleg frontendringane på nokre lokale brear.

Som ein del av eit nettverk med andre breinteresserte, hjelper vi NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat) med å overvake fleire brear. Frontendringane vert målt på 30 til 40 brear rundt omkring i landet.

Breane som Norsk Bremuseum har ansvar for er Vetle Supphellebreen i Fjærland og Haugabreen i Jølster. Fronten til Vetle Supphellebreen minka med 6 meter i høve året før og har totalt smelta 30 meter attende sidan 2011. Ved Haugabreen trakk fronten seg 8 meter attende, noko som betyr ein smelting på 84 meter sidan 2013.

Haugabreen i 2015 og i 2020. Bileta syner korleis meir fjell kjem til syne kring breen, sjå særleg området merka med raude ringar på kvart bilete. I tillegg veks det fram eit lite vatn framfor fronten.

NVE rapporterte hausten 2020 om at det var positiv massebalanse på fleire brear. Begrepet massebalanse seier noko om kor mykje snø breen får kvart år, kontra kor mykje is og snø som smeltar vekk. Dette kan samanliknast med eit rekneskap, kor ein har inntekter og utgifter. Året 2020 vart difor eit godt år for breane sitt rekneskap. Det vil seie at det kom mykje snø i akkumulasjonssesongen, som vanlegvis varar frå november til april. Temperaturane gjennom smeltesesongen, som typisk er frå mai til oktober, klarte i 2020 ikkje å tære tilstrekkeleg på snøen og isen på mange av breane til å skape eit underskot.

Om vi ser på endringane til breane over tid, viser tilbakegangen av frontane at det ikkje kjem nok snø til å dekke over underskotet. Dette er den langsiktige trenden for norske brear på 2000-talet.

Utviklinga til frontposisjonen på fem utvalde brearmar frå Jostedalsbreen i perioden 1899 - 2020. Nigardsbreen i Jostedalen har, til dømes, trekt seg attende nesten 3 kilometer på ca 120 år.

Les mer
Museum Gasta Design Museum Gasta Design

Norsk Bremuseum opnar for sesongen!

Vi kan med glede melde at vi er opne for sesongen. Museet er ope kvar dag 10 - 17.

Etter ei tid i uvisse denne våren kan vi no endeleg opne dørene. Vanlegvis har vi ope frå 1. april, men situasjonen med Covid-19/Koronaviruset gjorde at det vart vanskeleg.

No er vi endeleg på rett kjøl og kan ta i mot gjestar som før.

VELKOMEN TIL OSS :)

NB: vi har utarbeida interne retningsliner for smittevern og fylgjer dei norske myndigheitene sine råd. Vi oppmodar alle til å syne omsyn for kvarandre, både mot andre gjestar og personalet, og å syne respekt for smittevernstiltak. Hugs å halde avstand, vask hendene og så vidare.

Vi kan melde at det også er masse anna i Fjærland som er ope, som til dømes Bokbyen, guiding, hotel og camping. Sjå Facebooken til “Fjærland” eller www.fjaerland.org for ting å gjera.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Ei julehelsing

Foto: Verimedia. Frå innspeling av bakomfilmen av den nye panoramafilmen om Jostedalsbreen.

2019 nærmar seg slutten og vi takkar av med eit år der 78 000 gjestar kom innom museet for å lære om brear og klima. Dette var ein liten nedgang frå 2018, men framleis eit solid besøkstal.

2010-talet har vore eit bra tiår med auke i gjestar og nye utstillingar. For oss vart dette tiåret toppa med Reiselivsprisen i Sogn og Fjordane for 2019 - den siste av sin sort før fylket blir ein del av Vestland. Prisen fekk vi mellom anna for kontinuerleg godt arbeid i marknaden, fornyingar og ein pådrivar i reiselivet lokalt og i regionen over fleire år. I 2019 vart vi også sertifisert som eit Miljøfyrtårn, noko som var viktig for oss med tanke på å vera ein berekraftig og miljøvenleg verksemd.

Det som har hendt før skal vera ein motivasjon for den vidare satsinga og drifta ved museet. Vi byggjer stein på stein, og suksessen gjennom snart 30 år har resultert i at vi i 2020 skal presentere vår heilt nye panoramafilm om Jostedalsbreen. Vi gjev slepp på den fantastiske filmen som Ivo Caprino laga for oss på 90-talet, for å gjera plass til ny teknologi og eit nytt sanntidsbilete av Jostedalsbreen og den spektakulære nasjonalparken som vernar om naturen. Det er den lokale filmprodusenten Falkeblikk som lagar filmen for oss.

I tillegg til ny film ventar jobbing med innfallsporten til Fjærland, stadig utbetringar av utstillingane og ny direktør i 2020. Refleksjonane over det gamle året går plutseleg over i det nye!

Med dette ynskjer vi alle vener og besøkande av museet ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Helsing oss hjå Norsk Bremuseum i Fjærland

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Ny direktør

Styret til Norsk Bremuseum har tilsett Anne Mundal Skjelten som ny direktør ved museet.

Norsk Bremuseum er ei privat stifting oppretta av Norsk Polarinstitutt, NVE, UiO, UiB, Høgskulen på Vestlandet, DNT og International Glaciological Society. I dei 28 åra som har gått sidan opninga av museet kan senteret seiast å vere ein av Noreg sine største museumssuksessar med eit årleg snitt på nærare 65 000 besøkande og ein kontinuerleg god økonomi. Dei siste åra har museet hatt eit besøk på om lag 80 000 besøkande og sidan opninga i 1991 har snart 2 millionar personar vitja museet.

Anne Mundal Skjelten har tidlegare jobba som regionsekretær i forsikringsselskapet Vital, og som dagleg leiar i Sigurd Ziem i Bergen. I 2011 flytta ho og familien heim til Fjærland og dei siste åra har ho jobba både som rådgjevar i økonomitenesta og som nestleiar for seksjon rekneskap i NAV på Leikanger.

Anne er 43 år og vaks opp i Fjærland med breane og turismen som ein naturleg del av livet. Allereie som 16-åring starta ho i sin fyrste sommarjobb på Hotel Mundal, og frå 1993 hadde ho sommarjobb i sju samanhengane år på Norsk Bremuseum og ved turistinformasjonen i Fjærland. Ho kjenner såleis både museet og bygda særs godt.

Anne titrer i ny stilling frå 15. mars 2020 og vert den 4. direktøren sidan museet opna dørene i 1991.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Norsk Bremuseum er eit Miljøfyrtårn

I sommar vart vi sertifisert som eit Miljøfyrtårn. Målsettinga var å bevisstgjera oss sjølv for å bidra til ei grønare og meir berekraftig framtid.

For å bli sertifisert gjekk vi gjennom ein prosess der vi måtte tilfredsstille ei rekke krav innan arbeidsmiljø, innkjøp, transport, energibruk, avfall, estetikk og andre miljøaspekter. Mange av krava var ting vi allereie arbeida med som bedrift, men i ettertid har vi fått meir av drifta vår inn i system og vi har sett oss som mål å bli enno betre innanfor desse områda.

Som seg hør og bør, fekk vi storslått besøk frå Sogndal kommune representert ved ordførar Jarle Aarvoll og varaordførar Laura Kvamme.

Til stades under overrekkinga var (frå venstre til høgre) Laura Kvamme (varaordførar Sogndal kommune), Pål Gran Kielland (Fagansvarleg og Naturvegleiar Norsk Bremuseum), John Brekke (direktør Norsk Bremuseum) og Jarle Aarvoll (ordførar Sogndal kommune).

Miljøfyrtårnsertifiseringa var ein omfattande prosess for eit lite museum med begrensa ressursar. Men det vart lettare å gjennomføre med støtte og hjelp frå ulike aktørar. Visit Sognefjord har vore ein viktig pådrivar for merking som berekraftig reisemål, og har oppmoda alle medlemmene til å vurdere miljøsertifisering. I tillegg har Sogn og Fjordane Fylkeskommune ein tilskotsordning for miljøsertifisering, kor vi fekk økonomisk stønad gjennom Innovasjon Noreg. Meir om Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin tilskotsordning her.

Mykje av arbeidet med sjølve sertifiseringa vart gjort i samarbeid med miljøfyrtårnkonsulent Bodil Lande i GreenCo. Sidan Norsk Bremuseum i Fjærland og Greenco i Stavanger, ligg ein stubb frå kvarandre, så vart telefonmøter via Hangouts løysinga. Det fungerte veldig bra, vi hadde gode og effektive møter og vi brukte null utslepp på reiseverksemd. Samarbeidet med GreenCo har verkeleg auka kunnskapen vår om korleis å drive berekraftig som reiselivsverksemd.

Dei tilsette ved museet har alle bidrege godt for å gjera sertifiseringa mogleg - heilt frå den administrative leiinga på toppen og til dei sommartilsette i museet. Fokuset har særleg vore på sparing av vatn og straum, riktig avfallshandtering, HMS-arbeid og det å skape og utvikle ein bevisstgjering om berekraft blant dei tilsette, men også blant våre leverandørar.

Vi takkar for all hjelp og samarbeid i denne prosessen, og kan no vera stolte over å kalle oss for eit Miljøfyrtårn.

 
 


Nyttige lenker i høve denne saka:

Miljøfyrtårn

Visit Sognefjord

Innovasjon Noreg

GreenCo

Les mer
Isbre, Klima Gasta Design Isbre, Klima Gasta Design

Breane held fram med å trekke seg attende

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland måler årleg frontendringane på nokre brear i nêrområdet.

Haugabreen i Jølster trakk seg 6 meter attende, medan Vetle Supphellebreen minka med 22 meter. Bretungane har også smelta ein god del langs sidene og totalt sett blitt tunnare dei siste åra. Dette kan ein til dømes tydeleg sjå ut frå bilete av Haugabreen i 2015 og 2019.

Haugabreen i 2015 til venstre og i 2019 til høgre.

Det er litt vemodig å halde fram med formidling om desse breane som år etter år går attende og minkar i storleik. Temperaturen gjennom smeltesesongen aukar og normalt sett store snømengder om vinteren er ikkje nok for å kompensere massetapet frå breane.

Bremseltinga har konsekvensar det er viktig å rette fokus mot. Breane gjev oss stabil vassforsyning til fornybar kraftproduksjon og til vatning i jordbruket, dei er trekkplaster for reiselivet, dei er i seg sjølv nokre naturlege meisterverk som gjev kvalitetar med å bu i distrikta og dei kan gje oss masse informasjon om tidlegare klima. Andre stader i verda er breane viktige som vasskjelder til både drikkevatn og jordbruk, og med dårleg nytt for breane er dette dårleg nytt for menneska som er avhengige av breane.

Kanskje vert fleire av naturen sine store underverk, noko breane i høgaste grad er, kraftig endra eller til og med borte i løpet av nokre generasjonar. Vi som kan sjå og oppleve breane i dag er tidsvitner til endringar som er store og ikkje minst raske i eit geologisk perspektiv. Det er farten til endringane som er så skremmande, og det er global oppvarming grunna menneskeskapte utslepp av drivhusgassar og store arealendringar som er pådrivarane for desse endringane.

Norsk Bremuseum målte tidlegare også Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland. Desse vert no fotograferte og det er tydelege endringar som kan fangast med fotoapparat.


Bøyabreen i 1997 og 2019.

Det er klart at desse to breane har vore viktige ikon for reiselivet i over 150 år i Fjærland. Turistar kom langvegs frå for å sjå og oppleve den magiske isen. Landskapet i seg sjølv med fjorden og fjella er jo fantastisk og utan sidestykke, og med breane har det høg internasjonal kvalitet. Men utan breane så kan eit viktig naturelement bli borte. Dette er noko som vedgår oss alle, anten vi er turistar eller lokalbefolkning. Med det meinar eg at vi alle bidreg i drivhusgassutslepp og arealendringar på kloden, gjennom vår levemåte med mykje reising og forbruk. Vi som jobbar hjå Norsk Bremuseum og med denne formidlinga opplever at mange av våre besøkande er opptekne av å redusere utslepp og leva meir berekraftig. Kor mange klimatoppmøter i FN skal til for å faktisk snu trenden, og er dette mogleg?

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Ledig stilling som direktør ved Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland er det ledig stilling som direktør med tilsetjing 15. mars 2020.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten skal samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Museet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og eksperiment med ekte bre-is og har sidan opninga i 1991 markert seg nasjonalt og internasjonalt som nyskapande innan kunnskapsformidling.

Norsk Bremuseum er eit offentleg godkjent nasjonalparksenter, med særskilt informasjon om Jostedalsbreen nasjonalpark.

Bremuseet ligg i Fjærland, Sogndal kommune. Bremuseet hadde i 2018 vel 82.000 besøkande. Desse er hovudsakleg individuelt reisande, bussturister og skuleklassar. I 2018 utgjorde nordmenn 11 prosent og grupper 67 prosent av dei besøkande. Bremuseet arbeider kontinuerleg med synleggjering i marknaden, både med deltaking på reiselivsmesser, på museet sine heimesider og i sosiale media. I tillegg har museet godt marknadsførings-samarbeid med Visit Sognefjord og Fjord Norge.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har fire heilårstilsette, til saman 3,25 årsverk. I sommarsesongen er det i tillegg om lag 10 deltidstilsette. I 2018 var det til saman 6 årsverk ved museet. Bremuseet har ei eiga fulltidsstilling som fagansvarleg og museet har nær kontakt med fagfolk i inn- og utland.

I tillegg til dagleg leiing og økonomiforvalting skal direktøren særleg arbeide med utovervende oppgåver, marknadsføring, samt informasjon til besøkande, reiselivsverksemder og ulike interessegrupper. Vidareutvikling av museet vil vere ein vesentleg del av direktøren sine arbeidsoppgåver. Bremuseet har solid økonomi.

Frå vinteren 2021/22 skal Hurtigruten byrje med anløp i Fjærland gjennom vintersesongen. Stoppet i Fjærland skal vare ein heil dag og passasjerane skal mellom anna besøke Bremuseet. Dette vil føre til utvida drift ved museet.

Den som vert tilsett bør ha utdanning og røynsle innan administrasjon, leiing, økonomi og reiseliv. Søkjarar med høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet, med gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg, er pliktoppfyllande, serviceinnstilt, kontaktskapande og har gode leiareigenskapar vert føretrekte. Det vert dessutan sett på som ein fordel at den som vert tilsett har lokal tilknyting og fast bustad i nærområdet til Bremuseet.

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved styreleiar Atle Nesje, tlf. 91392574, nestleiar i styret Siri Hatlen, tlf. 91744863 og direktør John Brekke, tlf. 97680228.

Søknaden skal sendast elektronisk (e-post) til styreleiar Atle Nesje (atle.nesje@uib.no) med kopi til nestleiar i styret Siri Hatlen (siri.hatlen@gmail.com) og direktør John Brekke (john@bre.museum.no) innan 20. oktober 2019.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Breturkartet for 2019-sesongen er klart

Sidan 1992 har “Breturkartet” fungert som ein dugnad for å formidle føringsmoglegheiter på fleire av Jostedalsbreens armar, og på andre brear i Nasjonalparken. Dette er ei brosjyre med informasjon om faste føringsturar, om ulike breførarlag, om trygg ferdsel på bre, om Jostedalsbreen Nasjonalpark, verneverdiar og besøkssenter, og kor du finn turistinformasjon i området kring den største breen på det Euorpeiske fastlandet.

Det er mange storslegne moglegheitar for breføring i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Foto: Norsk Bremuseum.

Norsk Bremuseum tok i 1992 initativ til eit prøveprosjekt i felles presentasjon av tilboda om breføring kring Jostedalsbreen. Den gongen var prøveprosjektet eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening/Bregruppa, Fjærland idrettslag, Indre Sunnfjord Turlag, Jostedalen Breførarlag, Norsk Bremuseum, Sogn og Fjordane turlag/Fjellsportgruppa, Stryn Fjell- og breførarlag, Anders Øygard/Flatbrehytta, Sogn og Fjordane reiselivsråd og forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum har heile tida vore ansvarleg utgjevar av Breturkartet. Ellen Jepson har stått for grafisk design i alle desse åra.

Utsnitt frå Breturkartet i 1992.

I dag er fleire av dei same aktørane med i samarbeidet, men mange andre har også blitt med. Dei tre besøkssentra til Jostedalsbreen Nasjonalpark; Norsk Bremuseum i Fjærland, Breheimsenteret i Jostedalen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Destinasjonsselskapa Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Sunnfjord Utvikling er også med. Av breførarlag har vi Bre og Fjell, Briksdal Adventure, Fjord Active, Fjærland Guiding, Ice Troll, Jostedalen Breførarlag, Norgesguidene og Sogn og Fjordane Turlag. Forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark er den bidragsytaren som gjev mest i økonomisk stønad.

Det har vore og er framleis eit godt samarbeid og interesse for å halde fram med utgjevingane av denne brosjyren, som i desse dagar skal delast ut i kjerneområdet kring Jostedalsbreen. Vi vonar at det vert ein god sesong for trygge breturar i 2019, og vi takkar alle som har vore med på denne dugnaden i snart 30 år.

Les mer
Isbre, Klima Gasta Design Isbre, Klima Gasta Design

Breane minkar i 2018

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten målar frontposisjonen på to brear i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Målingane viser at dei trekk seg attende i 2018.

Fronten av Vetle Supphellebreen 11. oktober 2018.

Frontposisjonsmålingar

Etter å ha rykka fram dei siste tre åra skulle Vetle Supphellebreen trekke seg attende i 2018. Resultatet vart -6 meter. Heilt sidan Norsk Bremuseum tok opp att målingane i 2011, så har breen heldt seg relativt stabil når det gjeld frontposisjonen. Breen vart også overvaka i perioden 1899-1944 og trakk seg då nesten 450 meter attende.

Haugabreen i byrjinga av oktober 2018.

Den andre breen som får målt frontposisjonen er Haugabreen i Jølster. Den minka med 16 meter i 2018, og har totalt trekt seg 69 meter attende sidan vi starta å måle breen i 2013. I dei seinare åra har stadig meir vatn kome til syne kring fronten av breen. På sikt kan det bli vanskar med å koma seg tørrskodd opp på breen for dei som skal på brevandring.

Bøyabreen 1. oktober 2018.

I tillegg vert dei meir kjende brearmane, Bøyabreen og Store Supphellebreen, også overvaka ved at det vert teke bilete kvart år. Bresmeltinga gjer at frontposisjonsmålingar er vanskelege å gjennomføre, men fotografering av breane gjer at ein likevel kan dokumentere utviklinga deira.

Meir informasjon om frontposisjonmålingar og andre bremålingar, finst på NVE sine heimesider om bredata. Der kan du lesa at breane i Noreg minka kraftig i 2018, kor til dømes Engabreen i Nordland trakk seg heile 140 meter attende og Nigardsbreen smelta 81 meter.

Brear og klima

Den varme sommaren tæra hardt på Jostedalsbreens snø- og ismassar i 2018. Breane har, sidan framrykka på slutten av 1990-talet, i over 20 år trekt seg attende. Dette er ein del av den langsiktige trenden med minkande brear i eit stadig varmare klima. I fylgje Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO) ligg 2018 an til å bli blant dei varmaste åra som nokon sinne er registrert på kloden sidan temperaturmålingane starta på midten av 1800-talet.

Breane er mellom anna vårt viktigaste vassreservoar. Heile 70 % av alt ferskvatnet på jorda er lagra i form av is, og breane utgjer såleis ei stabil vassforsyning til mange folk. Dessutan er breane rundt om i verda eit av våre beste klimaarkiv.

Les mer