Besøk Norsk Bremuseum i haustferien
Norsk Bremusuem held ope kvar dag i oktober frå 10:00 til 16:00.
Museet passar for alle aldersgrupper og er særs spennande for born. Vi kan nemne panoramafilmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino, den interaktive klimautstillinga der du kan oppleve både “the big bang” og ei istid, og resten av utstillinga. Heilt inst i museet kan du til og med gå ein liten tur “under breen”.
I tillegg har vi ein kafé kor vi kan by på kaffe, te, kakao og vaflar. Vi har også suvenirbutikk og gratis parkering for våre gjester. For dei som treng å lade elbil så har vi ein Grønn Kontakt-ladestasjon ved parkeringsplassen.
Prisane er 125,- for vaksne, 60,- for born og 280,- for familie. For gruppeprisar (over 10 personar), kontakt oss gjerne.
Velkomne til Fjærland og Norsk Bremuseum i haustferien! :)
Utvida opningstider i september
I september utvidar vi opningstidene frå 10:00 - 16:00 til 09:00 - 19:00. Auka besøkstal gjer at sesongen vert lengre, både om våren og om hausten.
Dette er særs gledeleg for oss sidan vi ynskjer å spreie kunnskap om brear og klima til stadig fleire besøkande - både gamle og nye gjester!
Gledeleg seinsomarhelsing frå gjengen hjå Norsk Bremuseum i Fjærland!
Sogelaget held sitt tradisjonelle påskearrangement i Bremuseet
Sogelagsmøte
Skjærtorsdag 29. mars 2018 kl. 19:30
Program:
«Bygdi vaor:
Litt om i dag – mest frao i jaor»
Jostein Tjugum og Eivind Ødegård
• Sal av kaffi og vafler
• Loddsal
Gratis tilgjenge!
Alle er velkomne!
Tilskipar: Fjærland sogelag
Vi opnar i påsken
Museet opnar skjærtorsdag 29.mars.
Ny sesong står for tur her i Fjærland, og vi ynskjer både gamle og nye besøkande velkomne til oss i 2018.
Vi held ope kvar dag frå 10:00 til 16:00.
Helsing alle oss hjå Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
Julehelsing
Helsing oss hjå Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten.
Sjåast i 2018!
Rapport frå bremålingane i 2017
Vetle Supphellebreen går mot trenden og rykkar fram i 2017, medan Haugabreen trekk seg attende.
Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.
For oss breinteresserte er det alltid gode nyhende når ein bre veks og rykkar fram. Vetle Supphellebreen rykka fram for tredje året på rad, med snaue 2 meter i 2017. Vi byrja med frontposisjonsmålingar av breen i 2011 og breen viste attendetrekking dei fyrste åra. I måleperioden har breen totalt sett gått 4 meter fram, eller med andre ord heldt seg stabil. Eit overskot av snø i måleperioden kan forklare utviklinga til Vetle Supphellebreen. Ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2017. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk dei seinare åra. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Det er særleg forholdet mellom vinternedbør og sommartemperatur som styrer breens balanse frå år til år.
Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.
Haugabreen sette personleg negativ rekord då den gjekk 18 meter attende i 2017. Sidan vi starta målingar på denne breen så har den minka med totalt 53 meter. Det er også her ein auke i nedbør når vi ser på vêrdata frå nærliggande målestasjonar, men nedbøren har tydelegvis ikkje vore nok til å bremse smeltinga. I tillegg må ein hugse på at breen sin reaksjonstid på endringar i klima er forseinka. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar.
Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.
Elles sjå NVE sine heimesider for meir informasjon om breane våre.
Siste helg med ope musuem i 2017
Besøk Norsk Bremuseum.
Norsk Bremuseum held ope til 1. november, kvar dag 10 - 16.
Helga som kjem blir difor den siste helga vi har ope denne sesongen, men vi kan opne dørane for grupper i november på førespurnad.
God helg og ta gjerne turen innom oss!
Helsing
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
Retting av feil i Årsmeldinga for 2016
Det har diverre sneke seg inn ein liten feil i Årsmeldinga for 2016. Årsmeldinga vert sendt til alle livsvarige medlemer av Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, samt ymse samarabeidspartnarar.
Feilen som no er retta opp var at styreleiar Atle Nesje stod oppført som styremedlem. Dette beklagar vi på det sterkaste, og legg difor ut ein PDF av Årsmeldinga for 2016 her på heimesida vår.
Elles kan vi informere om at vi til no har hatt ein god sesong med auke i besøkstalet.
Bokbymammut i Fjærland
Helga 26.-27.august er det mammutsal i Bokbyen. Her er mange nyinnkomne bøker, og det er halv pris på dei aller fleste bøkene denne helga. Ta gjerne med barna - to fine barneavdelingar!
Foto: Gaute D. Bøyum.
Nyt utsikta frå det nye torget i Mundal, midt i Bokbyen. Kombinér med tur til Norsk Bremuseum, Bøyabreen eller tur til ein av dei 12 trimpostane i Fjærland. Bok-kafeen og hotell-kafeane er opne.
Butikkane er opne kl 10-16 (Straumsvågs antikvariat 10-18)
Kontakt gjerne Bokbyen på tlf. 57 69 22 10 eller post@bokbyen.no
Følg Bokbyen på facebook.com/bokbyen.
Velkomen til ei triveleg helg i Fjærland!
Ladestasjon for elbil
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har nyleg fått etablert ladestasjon for elbil på parkeringsplassen.
Ladestasjonen vart sett opp og driftast av Grønn Kontakt, og støttar alle nyare elbilar. Her er det 2 hurtigladarar (50kW DC) og 2 stk flexiladarar(22kW AC). Hurtigladarane gjer det mogleg å fylle opp batteriet på ein elbil mykje raskare enn med ein vanleg stikkontakt. På 15-30 minutt har du lada batteriet ditt og kan køyre elektrisk vidare. For full oversikt over Grønn Kontakts ladenettverk, kan du laste ned Grønn Kontakt sin ladeapp eller sjå www.gronnkontakt.no.
- Grønn Kontakt arbeidar for å gjera det så enkelt som mogleg å køyre elbil, og vi er særs glade for å kunne tilby lading hjå Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Ladestasjonen supplerar vår allereie tilstedeværing på Vestlandet og vi kjem til å bygge enno fleire ladestasjonar i området i tida som kjem, seier Ole Henrik Hannisdahl, Dagleg Leiar i Grønn Kontakt.
Noregs finaste plass for lading av elbil? (Foto: Pål Gran Kielland)
Direktør hjå Bremuseet, John Brekke, uttalar fylgjande om ladestasjonen: - Å kunne tilby ein ladestasjon til våre gjester, bygdafolket og andre som køyrer gjennom Fjærland passar jo ypparleg med vår profil som bremuseum og klimasenter. Vi takkar for at Grøn Kontakt kom til oss og viste interesse for etableringa av ladestasjon, og samarbeidet har gått utruleg fint! Vi formidlar kunnskap om bre og klima til mange menneske kvart år, og i fjor fekk vi besøk av 72 000 gjester frå ulike land verda rundt. Det er viktig for oss å kunne vise gjestane våre moglegheitene som ligg i det å køyre elektrisk, særleg med tanke på ein grøn og berekraftig framtid som gjer at vi kan ta betre vare på miljøet og klimaet enn det vi gjer i dag. Jorda er tross alt den einaste heimen vi har...
Fjærland Guiding
Fjærland byr på eit mylder av moglegheiter for deg som vil på guida fjelltur eller bretur. Både spektakulære og krevjande, men også enklare og samstundes minneverdige naturopplevingar.
Frå Skeidsnipa-traversen (foto: Pål G. Kielland).
Kan det hende at du er fjellvand, men ynskjer nokon med lokalkunnskap til å bli med på turen? Eller er du lite turvand og ynskjer ein guide som fører deg trygt både opp og ned bratte lier, eller inn og ut av frodige dalar? Vi kan formidle kontakt til den rette turleiaren for deg!
Enkelt terreng i Bøyadalen (foto: Pål G. Kielland).
Fjærland Guiding består av eit eige nettverk av lokalkjende og røynde fjellførarar. Spør oss eller kontakt dei. Det er også mogleg med tur- og overnattingspakkar i Fjærland.
God jul og godt nytt år
Takk for 2016 og god jul til alle!
Godt nytt år og velkomen attende til Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i 2017. Sesongstart 2017 er 1. april.
Helsing oss hjå Norsk Bremuseum
Beste sesong på 20 år
Denne sesongen har vi hatt 72.500 gjester innom dørene i museet. Dette gjer 2016 til den beste sesongen på 20 år. Vi har dei to siste åra hatt ein vekst på 37 prosent, det vil seie meir en 20.000 fleire gjestar.
Bilete frå feiringa av 25-års jubileet der H.K.H. Kronprins Haakon vitja oss.
Direktør John Brekke kan informere om at vi aukar spesielt mykje i den asiatiske marknaden i år.
Vi takkar alle som har vore hjå oss, samarbeida med oss og bidrege til ein flott sesong i 2016!
Synlege bevis på bresmeltinga
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har sidan oppstarten i 1991 naturleg nok vore oppteken av breane og kva som skjer med dei. Trenden er at dei smeltar, men i år har ein bre faktisk rykka fram.
Bøyabreen 2016. Foto: Pål Gran Kielland.
Vi utførar mellom anna frontposisjonsmålingar på nokre brear, men det er ikkje alltid at talfesting av endringane gjev meining for alle og einkvan. No som smeltinga av breane gjer nokre av målingane vanskeleg å utføre, så er heldigvis fotografering eit godt verkty for å fylgje med på utviklinga. Vi held særleg auge med Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland, som vi heilt fram til i 2014 utførte målingar på. Allereie i 2014 vart det rapportert om eit «svart hol» i bretunga til Bøyabreen. Dette holet er også i år godt synleg og det er eit tydeleg teikn på at breen vert tunnare.
Bøyabreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).
Ved å samanlikne foto av Bøyabreen i 1997, da den var på det største i moderne tid, og med dagens tilstand så ser vi at den regenererte breen i dalbotnen no er nesten heilt smelta vekk. Stadig meir fast fjell kjem til syne. Endringane er store sidan slutten av 90-talet. Då vi målte breen frå 2003 til 2014 såg vi at breen gjekk 160 meter attende totalt.
Store Supphellebreen 1997 (foto: Stefan Winkler) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).
Ser vi på Store Supphellebreen er det også tydeleg at den regenererte delen av breen minkar. Vi målte breen frå 1992 til 2014 og registrerte då ein attendesmelting på om lag 70 meter totalt.
Steinblokk i 1899 (foto: John Bernhard Rekstad) og 2016 (foto: Pål Gran Kielland).
Heilt nyleg gjorde vi faktisk eit funn av ein stor steinblokk som vart brukt som fastmerke da frontposisjonsmålingar starta opp i 1899. Det var statsgeologen John Bernhard Rekstad (1852-1934) som oppretta dette merket for å måle avstanden til breen. Den gongen målte han 77 meter til brekanten. I dag finn vi steinblokka litt over 400 meter frå breen, noko som betyr ein attendesmelting på over 300 meter sidan 1899. I biletet frå 1899 står Rekstad sjølv ved sidan av blokka medan det er driftssjef ved Norsk Bremuseum, Svein Arne Bøyum, som er avbilda på det nye biletet.
Store Supphellebreen (Flatbreen) i 1906 (foto: Monchton) og 2012 (foto: Pål Gran Kielland).
Høgare oppe i fjellet ser vi også endringar. For drygt 100 år sidan låg Store Supphellebreen, populært kalla Flatbreen, og stanga og brøyta opp den store endemorenen like ved Flatbrehytta. No i ettertid har utviklinga gått den gale vegen med at breen trekk seg attende. For å seie det enkelt så går lufta rett og slett ut av ballongen.
Frontposisjonsmålingane
I år har vi målt endringar i frontposisjonen til Haugabreen i Jølster og Vetle Supphellebreen i Fjærland. Målingane viser at Haugabreen har smelta 15 meter attende i 2016. Sidan vi starta å måle breen i 2013 så har den trekt seg attende 35 meter totalt.
Haugabreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).
Vetle Supphellebreen har derimot rykka 16 meter fram det siste året. Trenden i dag er at breane smeltar attende på grunn av at klimaet blir varmare. Pålagringa av snø er vanlegvis veldig stor kvar vinter, men tydelegvis ikkje stor nok til å forhindre at breane smeltar attende over tid. Framrykket til Vetle Supphellebreen på 16 meter i år er difor interessant. Vi har ikkje andre målingar av breen enn desse frontposisjonsmålingane og vise til, men ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2015. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk det siste året. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Sidan 2011 då vi starta med målingar av breen, så har den totalt sett gått 2 meter fram.
Ved fronten til Vetle Supphellebreen 2016 (foto: Pål Gran Kielland).
Så vakker er Fjærland
Norsk Bremuseum ligg i det mest fantastiske landskapet du kan tenke deg. Det synes i alle fall vi!
Viss du ikkje trur på oss, så sjekk ut dette mesterverket av Marcel Dezor.
Håpar du likar det - kose deg!
Blåisen tittar fram
Brevandringsesongen startar litt seinare i Fjærland, enn på meir populære og lett tilgjengelege brear verda over. Supphellebreen, eller Flatbreen som den også kallast, byrjar no å bli klar for dei som ynskjer bretur i særklasse og i god avstand frå overbefolka turistmagnetar.
Supphellebreen (Flatbreen) 29. juni 2016. Foto: Pål Gran Kielland, Norsk Bremuseum.
Tenk å koma seg opp til denne majestetiske brearmen som sig ut av iskappa til Jostedalsbreen. Det startar med ein litt krevjande men samstundes fantastisk tur på god sti opp frå Rødseter i Supphelledalen på 50 meter over havet, og opp til brefronten på om lag 1000 meter over havet. På breen er det mogleg å koma seg ned i skumle sprekkar i isen, klatre i steile isveggar og steppe over spanande snøbruer. Dette kan virke skummelt og utfordrande, men med lokalkjende og røynde breførarar blir dette ein bombetrygg oppleving. Eit eksklusivt ekstratilbod er å krysse denne kolossale ismassen for å bestige ein av dei omkringliggande nunatakkane som ruvar opp av isen. Frå desse toppane kan du oppleve ein samansmelting av bre, fjell og fjord i eit vilt landskap som verkar å ligge laaangt unna sivilisasjonen. Men på same tid kan du kike ned i Fjærlandsfjorden og sjå korleis brebygda Fjærland ligg nett plassert attmed den rolege Fjærlandsfjorden.
Bre, fjell, fjord - og folk! Foto: Gaute D. Bøyum august 2013.
Korleis få til tur her, lurar du kanskje på? Og kva med mat og overnatting? Svaret er enkelt. Nede i Supphelledalen ligg nemleg Rødseter Inn, ein gamal gard som delvis har blitt ombygd til gjestehus, hotel eller som dei kallar det sjølv 'a small boutique hotel'. Her tilbyr dei aktivitetar på fjell og bre etter kva ein måtte ynskje, til dømes kinderegget av ein tur - bre-fjell-fjord - til Myrhaugsnipa 1443 meter over havet. Eit alternativ for guida turar i Fjærland får du også hjå Mountaingoat Guiding.
I tillegg kan du gå ein roleg tur i bygda, padle kajakk på Fjærlandsfjorden, eta lunsj på eit av hotella i Mundal, sykle, blade i bøker i Bokbyen eller ta det obligatoriske besøket hjå oss - Norsk Bremuseum.
Spektakulær luksus - det finn du i Fjærland.
Bokbyen feirar 20 år
Bokbyen har 20 års-jubileum i 2016 og det skal feirast. Dei lagar ein ny vri på Boknatta i år og flytter arrangementet til det nye torget inne i Mundal, midt i mellom Hotel Mundal og Fjærland Fjordstove Hotell. Mykje av kulturprogrammet vil gå føre seg inne på hotella, så ein kan varme seg litt i løpet av kvelden. Marknaden opnar kl.16. Bokbutikkane opnar kl.10 og held ope utover heile kvelden.
KVELDEN FØR BOKNATTA, FREDAG 24.JUNI
Kl. 21.30: Tove Bakke: Lorca. Pubkveld med spansk stemning på Fjordstova.
BOKNATTA, LAURDAG 25.JUNI
Kl. 13: Markering av 20-års jubileet til Bokbyen på Hotel Mundal. Kanapear og sprudlevatn. Talar og kåseri ved Ragnar Hovland, Arne Ivar Kjerland og Laura Kvamme.
Kl. 16: Opning av Boknatta ved Simone Stibbe. Bodane opnar.
Kl. 17: Reiser og relasjonar: Litterær samtale med Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn. Møt to forfattarar som på finaste vis skildrar oss så nært ein kan komme. Med reisa som motiv og relasjonane som tema skriv dei begge slik at det angår lesaren, om lengselsen etter å høyre til og bli elska, om frykta for tap og einsemd. Men alltid med håpet som drivkraft. Begge har vunne Brageprisen og dei skriv både for barn og vaksne. Begge er inspirerte av musikk og inviterer publikum til å lytte til lydspor frå skrivinga undervegs i samtalen som vert leia av Janne Karin Støylen. Hotel Mundal.
Kl. 18: Barneprogram på torget i Mundal: Klare sjøl. Matlaging i det fri med Ann Iren Ulvedal, Anne Britt Sårheim og Reidunn Otterdal etter oppskriftar frå boka, Klare sjøl.
Kl. 19: Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei to har samarbeida sidan tidleg på 80-tallet. Dei har skrive fleire sanger saman og i 2004 vart CD’en «Himmelhaik» utgjeve, der Røsbak les og synger og Sommerro står for musikken saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Sommerro og Røsbak har ein ellevill og laussluppen stil på scena, bygd på improvisasjon og glimt i auget. Stemningane skifter med lynets hastigheit, og kan plutseleg gli over i både vemodig lyrisk og frodig vakkert. Røsbak vil i Bokbyen Fjærland lese og synge ting av Børli, Prøysen og seg sjøl, og Henning Sommerro vil framføre songer av Hyldbakk, Hoem og Røsbak som han sjølv har tonesett.
Fjærland kyrkje.
Kl. 20.30: Johs. B. Thue: Fortel frå ny bok, Gryta i fjorden – Om heimefiske og ulike fiskerettar i fjordane våre. Fjærland Fjordstove Hotell.
Kl. 22: Konsert: Billa and the Kid. Torget.
TORGSTEMNING MED FRIDTJOV URDAL, EIVIND ØDEGÅRD M.FL. I LØPET AV KVELDEN.
Sal av mat og drikke på torget og Kaffistova. Alle arrangementa er opne for alle.
VELKOMEN TIL BOKMARKNAD OG FOLKELIV!
For tinging av salsbod ring tlf.57692210 eller post@bokbyen.no.
Norsk Bremuseums 25-års jubileum
H.K.H. Kronprins Haakon deltek på 25-års jubileum ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten 3. juni.
I samband med 25-års jubileet blir det stor fest i Fjærland: Kronprinsen blir med oss heile dagen og det blir rikeleg med underhaldning, taler, servering og overraskingar i Noregs kanskje vakraste brebygd.
Program
11:30 H.K.H. Kronprinsen kjem til museet.
12:15 Mammutteater, museet byr på is, pølse, kake, kaffi og saft.
13:15 Gratis inngang i museet.
14:05 Klimaseminar med profilerte deltakarar frå fleire fagfelt (fram til kl. 17.00).
Velkomen til feiringa vår fredag 3. juni 2016!
Fyrste varsel om 25-års jubileum for Norsk Bremuseum
Stor Jubileumsfest fredag 3. juni
H.K.H. Kronprinsen skal feire med oss og det blir underhaldning, servering, talar og gratis inngang til museet.
NB: Endeleg program er ikkje heilt klart. Det vil koma meir informasjon når det nærmar seg. Vi anbefaler å fylgje med på heimesida vår, Origo Fjærland og Facebook.
Helsing oss hjå Norsk Bremuseum
Kronprins Haakon vitjar Sogn
3. juni i år kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Fjærland for å vere til stades under markeringa av 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum.
Fylkesmannen vil i samarbeid med Slottet, Norsk Bremuseum og Sogndal kommune utarbeide eit eige program for besøket, og kjem tilbake med meir informasjon for presse og publikum.